Lokale | Klubben |
Arrangør | Kulturutvalget
Kulturutvalget (KU)
|
Dato | 9. mars 2016 |
Tid | 19.00 - 20.00 |
Billett | Billett inkludert i inngang |
Aldersgrense | 18 år |
Bokbad med Helene Uri
I samband med 100-årsjubileet til Studentmållaget i Nidaros(SmiN), arrangerer Studentersamfundet, Radio Revolt og SmiN bokbad med forfattar Helene Uri.
Helene Uri er utdanna språkvitar, jobbar som professor i kreativ skriving ved Høyskolen i Kristiania og har engasjert seg for å gjere riksmål meir stovereint. Uri meiner nemleg at alle bør få skrive på hjartespråket sitt, anten dei kjem frå inst i Sogn eller Oslo vest.
Kjennskapen til akademia kjem særleg til syne i boka "De beste blant oss", der Uri avslører kva vitskapleg tilsette eigentleg driv med (renkespel og sex, sjølvsagt), men ho er og kjend for bøker som "Rydde ut", "Kjerringer" og "Honningtunger". Onsdag 9. mars vil ho i samtale med Johannes og Jonas frå programmet "Bokbaren", samt Inger-Lise frå SmiN, fortelje meir om både forfattarskapen og språksynet sitt.
Foto: Geir Anders Rybakken Ørslien
Arrangement på Samfundet kan tilrettelegges for besøkende med bevegelses- og hørselshemminger. Se her for mer informasjon.