Lokale | Klubben |
Arrangør | Kulturutvalget
Kulturutvalget (KU)
|
Dato | 20. oktober 2020 |
Tid | 18.30 - 20.00 |
Billett | Påmelding |
Aldersgrense | 18 år |
Foredrag: Norsk ølhistorie - fra Odins skål til i dag
Sissel Brunstad tar oss med på ei reise i norsk ølhistorie!
Sissel Brunstad er frå Sykkylven på Sunnmøre. Ho er journalist og særleg interessert i kulturhistorie. Ho har vore medforfattar til fleire bøker og tidsskrift.
I den siste boka hennar «Norsk ølhistorie – frå Odins skål til i dag» som kom ut i desember 2019, er for første gang ølhistoria her til lands samla mellom to permar. Brunstad har grave i gamle kjelder, snakka med dei fremste ekspertane og med ølbryggjarar i heile landet som framleis bryggjar på gamlemåten. I foredraget tar oss med på ei reise i norsk ølhistorie, og lovar mang ei ah-oppleving undervegs. Foredraget er eit must for alle ølelskarar og historieinteresserte. Kunnskap om den gamle bryggekunsten kan vere til inspirasjon for alle entusiastiske hobbybryggarar.
Sissel Brunstad er tilsett ved NRK Møre og Romsdal og jobbar med nyhende, feature og dokumentar på radio, tv og nett. Ho var også frilansjournalist i fleire år med vekt på internasjonale stoffområde.
Meld deg på over.
Arrangement på Samfundet kan tilrettelegges for besøkende med bevegelses- og hørselshemminger. Se her for mer informasjon.