Lokale | Knaus |
Arrangør | SIT
Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
|
Dato | 22. mars 2017 |
Tid | 19.00 - 19.40 |
Billett | 80,- / 100,- |
Aldersgrense | Ingen aldersgrense |
Frokost i det grønne
SIT inviterer til mørk og absurd komedie på Knaus!
I eit svartbrent og utbomba landskap ved fronten er den einsame og redde soldaten Zapo utplassert. Brått dukkar foreldra hans opp; dei har bestemt seg for å komme på besøk og ha piknik med sonen sin ute i det grøne. Det heile verkar å bli rett så triveleg, til den fiendlege soldaten Zepo dukkar opp og dei må ta ho til fange. Passar det seg å invitere ein fiende til frukost?
“Frokost i det grønne” er skrive av Fernando Arrabal i 1962, og reknast som ein klassikar. Med humor og groteske bilete skildrar stykket det bisarre og uforståelege i ein kvar krigssituasjon. Innimellom dei absurde situasjonane som oppstår når ein skal nyte frukost på ei slagmark, kan ein og skimte ein skarp peikefinger mot løgnene og propagandaen som florerer i lag med krig og framandfrykt, også i dag.
Arrangement på Samfundet kan tilrettelegges for besøkende med bevegelses- og hørselshemminger. Se her for mer informasjon.