Information
Restaurant
Events
Volunteer

Norsk
Member
Internal
Area Storsalen
Organizer Styret
Styret
Date 27. April 2021
Time 18:00 - 20:00
Ticket Registration
Age limit No age limit

This event will be in Norwegian

This event will be in Norwegian

Det har gått 74 år sidan ein fyrste gong løfta behovet for eit nybygg på Samfundet. Endeleg har me kome så langt at det no er realistisk med byggestart allereie i november. Før den tid er det framleis fleire viktige steg som gjenstår i nybyggprosessen, og fleire av dei skal takast på Ekstraordinært Samfundsmøte: Nybygg den 27. august.

Denne kvelden vert forprosjektet til nybygget lagt fram for godkjenning i Storsalen. Forprosjektet legg rammene for nybygget, både for kva me skal fylla bygget med, og korleis fasaden skal sjå ut. Vidare skal me også behandla forslag om sal av delar av Fengselstomta til NTNU, samt andre viktige saker for prosjektet som det kjem meir informasjon om når det nærmar seg.

Dette er eit utruleg viktig møte for Samfundet og for framgangen i nybyggprosjektet. Bli med og bidra til at me kjem eit steg nærare eit nybygg som vil ha ei enorm tyding for komande studentgenerasjonar!

Vil du vita meir om sakene me skal behandla? Sjekk ut dokumenta under:

Saksunderlag om godkjenning av forprosjektet: https://samfundet.no/upload/documents/files/000/000/830/Detaljprosjektering_Nybygg_-_forslag_til_vedtak_i_Samfundsmøte.pdf?1618333437

Saksunderlag om salg av Fengselstomta: https://samfundet.no/upload/documents/files/000/000/833/Salg_av_Fengselstomta_til_NTNU.pdf?1618836421

Sjå teikningar av planløysinga og fasaden som ligg til grunn for etter forprosjektet på samfundet.no/nybygg

Events at the Student Society can be adapted for visitors with movement and hearing impairment. See here for more information.

Sponsors
Festivals