Informasjon
Restaurant
Arrangementer
Opptak

English
Medlem
Intern
Lokale Hele huset
Arrangør Styret
Styret
Dato 22. mars 2020
Tid 23.59 - 00.00
Billett Gratis inngang
Aldersgrense 18 år

Søk Samfundetstyret!

Den påtroppande leiaren av Studentersamfundet i Trondhjem tar opp nytt styre! Søknadsfrist 22.03.2020 klokka 23:59.

Søknadsfrist 22.03.2020 klokka 23:59.

Hei!

Den 10. mars vart eg vald som som ny leiar av Studentersamfundet i Trondhjem, og no treng eg di hjelp for å setja saman det nye Styret.

Er du ein student som ynskjer å bidra til å gjera Samfundet meir opent og synleg for våre medlemmer? Har du eit stort engasjement og er du ein person som tør å sei di meining, utfordra og stilla spørsmål? Då burde du søka Styret ved Studentersamfundet i Trondhjem.

Styret har ansvaret for den politiske profilen til Samfundet og representerer Samfundet utad. I tillegg til representasjon består arbeidsoppgåvene til Styret mellom anna av å setja dagsorden gjennom vekentlege Samfundsmøter, høyra og fremja medlemmenes sak og sørga for at medlemmene kjenner seg heime på Huset.

Personar utan erfaring frå gjengane på Huset er like velkomne til å søka som dei som har jobba som frivillige. Det einaste kravet er medlemskap, som sjølvsagt kan skaffast før Styret tar over 17. mai og sit i eit år. Den viktigaste eigenskapen er engasjement!

Høyres dette spanande ut? Send inn ein søknad til styret-opptak@samfundet.no. Send meg også gjerne ein mail eller ring meg på 90981195 om du ynskjer ein uforpliktande prat eller meir informasjon om kva eit verv i Styret inneberer.

Det vil vera mogleg å gjennomføra intervju over Skype.

Med venleg helsing
Karen Mjør, påtroppande leiar

Stillingsskildringar

Nestleiar

Som nestleiar vil du i stor grad få fridom til å forma ditt eige verv i tråd med målsetningane til styret, og du vil vera den næraste støttespelaren til leiaren. Dine faste oppgåver er å vera referent under Samfundsmøta, leia styremøtene saman med leiar og elles steppa inn for leiar når det trengst. I tillegg vil du få høve til å delta i kommunale og akademiske forum, og jobba tett saman med dei andre gjengane på Huset.

Om du vil vita meir om stillinga kan du ta kontakt med Petter Hjørungnes Jacobsen på nestleder@samfundet.no

Huskoordinator

Huskoordinator er ansvarleg for drift og praktisk gjennomføring av arrangementa til styret. Stillinga krev at du opparbeidar deg god kjennskap til Huset, gjengane på Samfundet og administrasjonen. Rolla til huskoordinator inneber også å koordinera mellom styret og gjengane på Huset under Samfundsmøter og delta i tekniske forum på Huset.

Om du vil vita meir om stillinga kan du ta kontakt med Helle Eidissen på styret-huskoordinator@samfundet.no

Økonomiansvarleg

Som økonomiansvarleg i styret har du ansvar for budsjettet til styret og den økonomiske drifta av aktivitetane til styret. Du får oversikt over heile programmet til styret og set dette inn i ein økonomisk kontekst.

Om du vil vita meir om stillinga kan du ta kontakt med Kevin Kristiansen på styret-oko@samfundet.no

Arrangementsansvarleg

Som arrangementsansvarleg har du ansvar for å planleggja og koordinera arrangementa til styret utanom Samfundsmøta. Desse arrangementa inkluderer mellom anna Bydagen, SIGP og 17. mai.

Om du vil vita meir om stillinga kan du ta kontakt med Jakob Drage Roti på styret-arrangement@samfundet.no

Temaansvarleg

Som temaansvarleg vil du vera med på å forma Samfundsmøta og den politiske profilen til Samfundet direkte. Du vil jobba med å planleggja Samfundsmøter, booka innleiarar og setja fokus på dagsaktulle tema. Du vil også jobba tett saman med debattansvarleg, og de to kjem til å forma verva dykkar saman.

Om du vil vita meir om stillinga kan du kontakta Inga Mageli på styret-temaansvarlig@samfundet.no

Debattansvarleg

Som debattansvarleg vil du fungera som gjengsjef for Styrets Debattkomité. Eit av dine sentrale ansvarsområder vil difor vera å sørga for god kommunikasjon mellom Styret og Debattkomiteen. Du vil også jobba tett saman med temaansvarleg om Samfundsmøta, og de to kjem til å forma verva dykkar saman.

Om du vil vita meir om stillinga kan du kontakta Karen Mjør på debattansvarlig@samfundet.no

PR-koordinator

Som PR-koordinator er du ansvarleg for at Marknadsføringsgjengen har det dei treng for å utarbeida grafikk som representerer dei temaene som vert tatt opp, og at Onsdagsdebattane og Samfundsmøta vert marknadsdørt på ein effektiv måte. Du vil også representera styret i PR-forumet på Samfundet saman med PR-ansvarlege i andre gjengar.

Om du vil vita meir om stillinga kan du kontakta Lars Nord Holmer på styret-pr@samfundet.no

Kommunikasjonsansvarleg

Som kommunikasjonsansvarleg vil di viktigaste oppgåva vera å gjera Samfundet meir synleg i media og ovanfor medlemmene. Stillinga krev at du aktivt jobbar opp mot media, både lokalt og nasjonalt, og du vil vera ansvarleg for at det som skjer på Samfundet vert presentert for omverda. Som kommunikasjonsansvarleg vil du også vera nybyggansvarleg i styret. Dette arbeidet inneberer både å vera med å arbeida for å sikra finansieringa av nybygg, men også å formidla dette arbeidet til media.

Om du vil vita meir om stillinga kan du kontakta Ida Marie Alme på styret-presse@samfundet.no

Arrangement på Samfundet kan tilrettelegges for besøkende med bevegelses- og hørselshemminger. Se her for mer informasjon.

Sponsorer
Festivaler