Information
Restaurant
Events
Volunteer

Norsk
Member
Internal
Area Edgar
Organizer Studentmållaget i Nidaros
Date 6. November 2014
Time 21:00 - 23:00
Ticket Ticket included with entrance
Age limit No age limit

Prøysenfest med Karoline Amb

I år er det hundreårsjubileet til Alf Prøysen og vi feirar med Prøysenfest.

I samarbeid med Studentmållaget i Nidaros inviterer vi til Prøysen-konsert med Karoline Amb. Du kan høyre og sjå denne fantastiske konserten den 6. november klokka 21, og billetten er inkludert i inngangen.

Karoline Amb kjem frå Ringsaker, som Alf Prøysen sjølv, og kan skilte med ekte Prøysen-dialekt. Ho har gitt ut fleire plater, og er kjent på Hedmarken for heftige, fantastiske og artige sjølvproduserte show. Med plata «Kvass» har ho gitt nye melodiar til gamle Prøysen-tekster, og ho kjem til Trondheim denne kvelden, med band, for å vise fram Prøysen i ny drakt.

Dette kjem til å bli ein kjempekonsert, og vi håper at du og alle venene dine vil vere med på Prøysenfesten den 6. november!

For å sitere Prøysen sjølv: "Kjæm du i kveld?"

Sjekk ut www.smin.no

Events at the Student Society can be adapted for visitors with movement and hearing impairment. See here for more information.

Sponsors
Festivals